Forsiden

/ arbeid / "For oss er berekraft like mykje å gjere det som er praktisk smart og lønsamt"

/ arbeid / "For oss er berekraft like mykje å gjere det som er praktisk smart og lønsamt"

Josefine Rødal Tomren har store visjonar for familieverksemda Kaape, og meiner lokasjonen i Vestnes byggjer opp under merket sin eksklusivitet. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Gründarar med eit sting av nostalgi: Her formar Josefine  Rødal Tomren framtida.

I Tomrefjorden syr verksemda Kaape vidare på ei lang og lokal konfeksjonshistorie. Den moderne oppskrifta er å kombinere skreddarsaum og industrielt design med eksklusivt møbelstoff frå Møre og Romsdal.

– Vi ville ha ein modell du kan bruka til alt; på butikken med stor strikkegenser under, og over kjole på raud løpar, seier Josefine Rødal Tomren (27).

Ho faldar slengekåpa rundt seg og strammar til beltet for å vise korleis plagget endrar karakter.

Mora Lilla Rødal (61) nikkar mot kåpa:

– Dette er eigentleg ein kombinasjon av mange eldre kåper, der vi har vidareført ting vi likte, og droppa andre detaljar.

Den andre dottera, Kornelia (34), skyt inn:

– På 60-talet brukte dei til dømes ofte berre tynne bluser under kåpene, så snittet frå armhola og ned var ganske trongt. Det går jo ikkje for slike som meg, som mest av alt er oppteken av komfort. Ei kåpe skal vera både varm og luftig og praktisk og slitesterk – og så fin at du ikkje vil ta ho av deg.

– Ei kåpe skal vera både varm og luftig og praktisk og slitesterk – og så fin at du ikkje vil ta ho av deg, meiner Kornelia. Her står ho med noko av det store stoffutvalet som er henta frå møbelindustrien i distriktet. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Skreddarsydd historie

Det er ein heilt vanleg måndag i verksemda Kaape si systove og utstillingsrom i eit industriområde i Vestnes i Tomrefjorden. På golvet står det tett i tett med stativ med ferdigsydde kåper, og overalt, rullar med ullstoff, produktfoto og teikningar av kåper. Borte i eit hjørne durar det jamt frå symaskina til Olga Litvinenko frå Ukraina.

Sjølv om bygda først og fremst er kjent for dei store skipsverfta sine og står for ti prosent av den totale skips- og småbåtbygginga i landet, var det ingen som heva eit augnebryn då dei tre kvinnene valte å satse på klesproduksjon.

I etter- og mellomkrigstida var nemleg konfeksjonsindustri ein svært viktig næringsveg for mange av innbyggjarane i fylket. I 1953 var det til dømes 164 konfeksjonsbedrifter med 2794 syersker berre i Romsdalen. Ein av dei største konfeksjonsfabrikkane, Tomren fabrikker, låg her i Vestnes og hadde over 300 tilsette på det meste. Fram til dei la ned produksjonen i 1978, var dei kjent for nettopp damekåper av høg kvalitet.

Lilla Rødal hugsar framleis godt dei mange kveldane ho var med bestemora si på vaskejobb på fabrikken.

Bestemora, som eigde ei, einaste kåpe, som ho var svært glad i og brukte til både kvardags og i bryllaup og gravferd.

Det var difor med ein viss nostalgi Lilla meldte seg som frivillig då det i 2005 var bestemt at den øvste etasjen i den nedlagde konfeksjonsfabrikken skulle byggast om til bowlinghall. Der møtte ho andre frivillige som også hugsa. Fleire av dei hadde faktisk jobba som skreddarar, designarar og sydamer på fabrikken og hadde framleis både teikningar og mange av dei gamle kåpene liggjande.

Det var då Lilla fekk ideen: Ho ville få sydd seg ei kåpe som vara – og som var basert dei gamle modellane.

Med det hadde ho også sauma det første stinget i det som skulle bli familieverksemda Kaape AS.

Lilla Rødal tek seg av alt det praktiske i verkstaden, og er den som har oversikt på bestillingar og utsendingar. Her diskuterer ho ein ny ordre med Olga Litvinenko, som jobbar i 40 prosent stilling. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Eksklusive restar

I dag satsar trekløveret ikkje berre på å føre næringshistoria i bygda vidare med å produsere kåpene i Vestnes. Også materialet er heilnorsk ull, i form av restestoff frå dei mange møbelprodusentane i fylket.

Berekrafta var dei yngre kreftene sin ide.

– Då vi tok kontakt med møbelprodusentane, viste det seg at mange hadde restestoff liggjande; stoff som var for fint til å kaste eller gje bort til skuleprosjekt. To-tre meter stoff er kanskje ikkje nok til ein lenestol, men det kan vera nok til ei kåpe. Vi har også laga kåper der me kombinerer ulike stoff for å nytte mindre stoffstykke, forklarar Josefine.

Om eit plagg kan nyttast i generasjonar, vil jo også pengane kundane brukar på ei kåpe, svare seg på ein heilt annan måte, meiner Kornelia. Ho samanliknar det med å investere i ein bunad. Skilnaden er at du kan bruka kåpa kvar dag:

– Fleire er blitt kritiske til fast fashion og korleis det er mogleg å kjøpe seg ei kåpe til nokre hundrelappar. Folk likar heller ikkje å måtte kaste så mykje klede. Eg trur folk i større grad har fått auga opp for arbeidet som ligg i eit kvalitetsplagg og kva for verdi det har.

Å bli kåra til årets industrielle oppstartsbedrift i 2022, gav òg eit løft, påpeikar Josefine:

– Saum har jo tradisjonelt blitt vurdert som ei hobbygreie damer driv med og som ikkje har nokon særleg verdi. Etter at vi fekk prisen, opplevde eg at vi vart sett på som ein seriøs aktør innan industrielt design; på line med dei som lagar møblar og båtar. Det var viktig for oss.

Kornelia, Lilla og Josefine i modellen Inger, som ein kan få med både spisse og avrunda slag. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Eit merke i verda

Ein hovudmodell, er oppskrifta. Kåpa «Inger» kan samstundes leverast med både spisse og runde slag, syast i eit utal fargar og med ulike broderi på beltet. No jobbar trioen i tillegg med ein kortare damemodell, og har nyleg lansert herrefrakken «Sverre». Ved sida av utsalet i Vestnes og pop ups ulike plassar i landet, kan kundane tinge skreddarsydde kåper gjennom nettstaden til verksemda.

Å ha fast utsal i ein større by er nemleg ikkje noko mål i seg sjølv:

– Prismessig er vi av dei meir eksklusive merkevarene, og det at vi ikkje er tilgjengelege overalt, byggjer opp under det. Folk køyrer jo til Lom for å kjøpe seg ein bolle på bakeriet der, og kan enkelt finne vegen hit også, ler Kornelia.

Sjølv om folk kan få handsydd eit unikt plagg via nett, vil mange likevel ha ei ferdigsydd kåpe der og då når dei først har prøvd ho på ein pop up. Utfordringa er difor stadig å få sydd opp nok.

Førebels er syerska Olga den einaste som hevar fast løn i selskapet og har nok å gjere i 40 prosent stilling. Kornelia er framleis dagleg leiar for ventilasjonsbedrifta til faren og onklane i etasjen over, medan Lilla jobbar som interiørkonsulent. Josefine driv sitt eige kommunikasjonsbyrå.

Ho håpar ein dag å kunne gjere Kaape til fulltidsgeskjeft:

– Vi treng eigentleg fleire folk på saum, og drøymer om å utvide saumverkstaden. Samstundes er vi blitt einige om – etter nokre diskusjonar, for vi er jo litt ulike – å ta dette steg for steg og ikkje vekse for fort.

Sakte suksess

Dei to andre humrar. For ja, det overordna målet no er å byggje ei levedyktig bedrift og eit merke som skal vare. I praksis betyr det også at dei har styrt unna freistande snarvegar. Å vekse raskt bør ikkje vera motivasjonen når ein driv med sakte og berekraftig mote, meiner Kornelia:

– Men vi tenkjer ikkje så mykje på å redde planeten som ein kanskje skulle tru. For oss er berekraft like mykje å gjere det som er praktisk smart og lønsamt. Det er lurt å bruke restestoff av høg kvalitet. Det er smart å lage eit tidlaust produkt som varar – og å gjere det her vi bur.

At dei lagar plagg som skal vare livet ut og med det har eliminert kundane sitt behov for ei ny kåpe, vil heller ikkje stoppe salet med det første, trur Josefine. Ho tenkjer stort og er den i familien som gjerne kunne sett at ting gjekk ørlite fortare.

– Det kan jo hende folk vil ha kåper i ulike fargar, ikkje sant? Og herremarknaden har vi jo berre så vidt snusa på.

Ho ler:

– Og verda er jo stor! For nokre år sidan studerte eg i Berkeley utanfor San Francisco. Medan eg var der, tenkte eg det ofte: Her er det jo også skikkeleg Kaape-vêr!

Høgare pris på nye kler?

Noreg er på verdstoppen i bruk og kast. No vil ei ekspertgruppe auke prisen på nye klede og forby returrett over fjorten dagar.

I mai leverte ei regjeringsoppnemnt ekspertgruppe ein ny rapport med 79 moglege tiltak for å fremja ein meir sirkulær økonomi. I rapporten peikar gruppa gjennomgåande på at me ved ombruk, materialattvinning og meir reparasjon, vil sløse mindre og ta betre vare på ressursane våre.

Fleire av tiltaka handlar om tekstil og klede. Ifølgje rapporten går nemleg halvparten av dei 100.000 tonna med tekstilar og klede me kastar kvart år, rett i søpla. At me har mykje, er heller ikkje nytt. Alt i 2016 hadde kvar av oss i snitt 359 klesplagg i skåpet med ei levetid på 5,4 år per plagg, ifølgje Sifo.

Ekspertgruppa tilrår no difor mellom anna ei eiga tekstilavgift som vil gjere nye klede dyrare og reduserer etterspurnaden. Dei vil òg forby returrett over fjorten dagar, ettersom mellom 20 og 50 prosent av det nordmenn kjøper på nett, blir returnert. Mykje av dette blir i sin tur til avfall. Ekspertane foreslår i tillegg å gjera det billigare å reparera gamle klede og å krevje dokumentasjon på eksport av brukte tekstilar.

(©NPK)