Forsiden
03.03.2025 10:38
Korte saker frå Nynorsk pressekontor og NTB i mars 2025.
Gamle fiskegarn frå Sørlandet blir gjenbrukt i Ukraina som skjerming og beskyttelse mot dronar, ifølgje NRK. Leiaren i Veteran Aid Ukraina, Daniel Viksund, fortel at dei kasserte fiskegarna blir brukte til å lage kamuflasje og beskyttelsesnett mot dronar. Dei blir også nytta til å beskytte kritisk infrastruktur, noko som gir ein buffer mellom dronane og det dei kan treffe. Mange ukrainske fabrikkar med frivillige syr netta om til kamuflasjedrakter og kamuflasje til køyretøy. – Det er stor etterspurnad etter det. Vi klipper dei opp i riktig storleik og fabrikkane gir dei riktige fargar, seier Viksund. Fiskegarna kjem frå leverandøren Skagerrak trål og notbøteri på Flekkerøya.
Ein student ved Nord universitet vart teken for å levere inn ein tekst generert av kunstig intelligens. Vedkommande er no utestengt i to år. Skjerpande er det at studenten også tidlegare er teken for fusk, skriv Khrono. Studenten vedgjekk å ha brukt KI til å finne kjelder og vurdere eigen tekst, og at hen berre hadde skumlese kjeldene. Då nemnda behandla saka, kom dei likevel fram til at det var brukt kunstig intelligens til mykje meir, blant dei generering av delar av svaret. Studenten er derfor utestengd frå alle universitet og høgskular i Noreg ut 2026. Det er ifølgje Khrono første gong ei så streng straff er gitt.
Sanksjonar mot Russland har ført til norsk monopol på kongekrabbe i USA og ny rekordmånad for norsk sjømateksport i februar. Det var rekordar også i januar, desember, november og oktober. Rekordmånadene held fram med å komme. Forklaring: Svak krone målt mot euro og dollar, høge laksevolum og ein sterk verdivekst til USA, forklarer administrerande direktør i Noregs sjømatråd, Christian Chramer. Noreg eksporterte sjømat for 14,1 milliardar kroner i februar. Det er ein auke på 853 millionar kroner, eller 6 prosent, samanlikna med same månad i fjor. USA stod for mesteparten av veksten med 548 millionar kroner, ein auke på 52 prosent, samanlikna med februaren i fjor.
Forsvaret må betale mange millionar kroner for å grave fram 7000 år gamle våpen frå steinalderen ved Rygge flyplass i Østfold. Utgravingane er nødvendige før USA kan ta i bruk ein utvida flyplass, som del av baseavtalen mellom Noreg og USA frå 2022, skriv Nationen. Det er sett av 25 millionar kroner til utgravingane av ni steinalderbuplassar i skogen rundt flyplassen. Forskarane håpar å finne gjenstandar som kan kaste lys over overgangen frå beinpiler til flintspjut i steinalderen. – Utgravinga av ni buplassar, dei fleste frå ulike delar av 4000-talet før vår tidsrekning, gir oss ei sjeldan moglegheit til å samanlikne reiskapar og buplassar frå før og etter ei mogleg innvandring, seier Axel Johan Mjærum, prosjektleiar ved Kulturhistorisk museum.
Det er 80 år sidan Tove Jansson skreiv den første boka om Mummitrollet. Forteljinga om to utsette troll fangar lengselen og uroa til notida, meiner Janssons niese. – Det er jo litt sørgjeleg, seier Sophia Jansson i eit intervju med svenske TT i samband med jubileet. «Småtrolla og den store flaumen» kom ut hausten 1945 og handlar om Mummimamma og Mummitrollets veg gjennom skog, storm og flaum på leiting etter ein heim. – Det finst morosame bilete når dei spring med byltane sine, men tenk på Gaza, på menneske som har vorte tvinga til å forlate alt, seier Jansson, som samtidig understrekar at tanta hennar alltid la vekt på å skape ein lykkeleg slutt.