Forsiden
07.05.2025 16:44
Soldatveteranen Odd Borlaug kjempa mot den tyske invasjonen i 1940, utkommandert til forsvarskrig i Valdres. 108-åringen minnest frigjeringsdagen fem år seinare som ein av dei beste dagane i livet.
Den einaste attlevande soldaten som kjempa mot tyskarane på norsk jord, Odd Borlaug (108), hugsar godt kampane våren 1940 og frigjeringa i 1945. På spørsmål om han trivst med å vere eit tidsvitne og ha tittelen som Noregs eldste mann kjem det kontant: – Det er eg berre nøydd til!
Nynorsk pressekontor møter Odd Borlaug i omsorgsbustaden i Vik i Sogn der han bur i tilknyting til helsetunet. Her lagar han middag fleire gonger i veka og steller seg stort sett sjølv. Denne maidagen er sonen hans Audun på besøk, men det er 108-åringen som står for praten. Trass sin høge alder kan han godt hugse både soldatgjerninga si for 85 år sidan, og frigjeringsdagen for 80 år sidan. Han var 23 år gammal då han kjempa mot tyskarane og 28 år då krigen var over.
Odd er ikkje den som snakkar høgt om krigsinnsatsen våren for 85 år sidan. Han er den eldste attlevande norske soldaten frå andre verdskrigen, og var med i kampane i Valdres under krigsutbrotet i 1940. Han blei sendt ut i krigen frå vesle Feios i Sogn desse dramatiske vekene etter 9. april.
Til saman vart 6000 mann i Indre Sogn mobilisert nokre dagar etter krigsutbrotet og fekk beskjed om å møte på Bømoen ved Voss. Der fekk dei utdelt Kragh Jørgensen-rifle, uniform og nokre andre effektar. Fleire kompani blei utrusta der, så godt det lét seg gjere. I april 1940 kom Valdres til å bli åstad for nokre av dei hardaste kampane under felttoget i Sør-Noreg. Unge norske menn, nesten utan militær utdanning, stod overfor topptrente tyske soldatar.
Sonen til Odd, Audun, hentar fram diplomet og medaljane faren har som bevis på at han kjempa mot tyskarane.
– Er du stolt over innsatsen din for Noreg desse dramatiske vekene?
Odd har ikkje noko klart svar på dette, og synest det er eit vanskeleg spørsmål å svare på.
– Eg gjorde vel berre det som alle andre hadde gjort og stilte opp når eg blei beden om det, seier den smålåtne mannen.
Han føler også at han har snakka så mykje om dette til andre medium, at han har snakka seg ferdig om temaet. Likevel kan han fortelje at det var «full fart» og dramatiske dagar. Han hugsar også at det var åtte andre frå Feios som blei beordra ut i krigen.
Når vi spør om frigjeringsdagen for 80 år sidan, er det lettare for Odd og snakke om dette. Han minnest denne som ein av dei beste dagane i livet, då freden kom i 1945.
– Det var ellevilt alle stader då, men vi måtte fort på jobb att, seier han.
108-åringen har ikkje lagt nokon konkrete planar for frigjeringsjubileet i år, men har fått med seg at Putin har planlagt å markere jubileet tre dagar til ende. Odd Borlaug er i det heile tatt svært oppdatert og engasjert i politikk og samfunnsliv.
– Det er så mykje som skjer i verda no, så eg lyt berre følgje med så godt eg kan, seier han.
Krumspringa til den amerikanske presidenten følgjer han også tett.
– Donald Trump har meiningar om det meste, så han likar eg å følgje med på.
Det er ikkje vanskeleg å finne fram til Odd Borlaug i Vik. Han er stor kjendis på lik linje med gammalosten, som blir produsert i bygda. Odd kan røpe at han er glad i gammalost og at det kanskje er løyndommen bak den høge alderen hans.
Ein annan ting som bygda er kjent for er fengselet. Frå stova til Odd ser vi piggtrådgjerdet og vi spøkjer med at det heldigvis er kort veg til fengselet om han skulle finne på noko gale. Han er i det heile tatt ein mann som har godt humør og ein fin innstilling til livet. At han er blitt så gammal og stadig vekk blir intervjua, har han rett og slett bestemt seg for å trivast med.
– Eg er jo berre nøydd til å ha det bra, seier han.
Og er du i Vik sommarstid så skal du ikkje sjå vekk frå at du møter på Odd Borlaug langs elva Vikja. Han er ein svært ivrig fiskar og det er vel gode grunnar til å tru at han er eldst også på dette området.
(©NPK)