Forsiden

/ namn / "Eg veit at eg kjem til eit velsmurt maskineri, kor det meste tikkar og går"

/ namn / "Eg veit at eg kjem til eit velsmurt maskineri, kor det meste tikkar og går"

Åse Wetås treng berre å ta heisen to etasjar opp når ho byrjar i den nye jobben sin som ny nasjonalbibliotekar. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Språkdirektøren tar heisen opp og blir nasjonalbibliotekar.

Etter ti år som språkdirektør tek Åse Wetås heisen to etasjar opp og blir nasjonalbibliotekar. Ho ønskjer at alle innbyggjarar skal finne glede og nytte av tenestene til Nasjonalbiblioteket.

Språkdirektøren møter oss ved inngangen til det som både er den nye og den gamle arbeidsstaden hennar like ved Solli plass i Oslo. Ho har ein knapp månad igjen i Språkrådet, og er no forvist til ope kontorlandskap med mellombels kontorplass.

– Eg må seie at eg likar godt å sitje her, fortel ho medan ho tek oss med gjennom lokalet.

Smilet sit laust hos Wetås, og det blir raskt tydeleg at gleda ved den mellombelse kontorordninga heng saman med at ho rett og slett er glad i folk.

– Noko av det eg kjem til å sakne mest frå dei ti åra mine her er alle dei gode kollegaene. Heldigvis vil dei ikkje vere så langt unna, seier ho og ler.

Ingen nervar

Og det blir mange moglegheiter for den sosiale dame til å bli kjent med fleire menneske i den nye jobben. Nasjonalbiblioteket har nemleg 578 tilsette, mot 42 i Språkrådet.

– Er du klar for overgangen?

– Eg er ikkje nervøs. Eg veit at eg kjem til eit velsmurt maskineri, kor det meste tikkar og går uavhengig av kven som er nasjonalbibliotekar. Eg gler meg veldig til å ta fatt på nye oppgåver.

I åra i Språkrådet har Åse Wetås mellom anna vore med å revidere nynorsk- og bokmålsordboka, jobba målretta for meir norsk språk i akademia og ho har sett kunstig intelligens (KI) komme inn som både ein trussel og ei moglegheit for norsk språk.

– Eg synest me har fått til mykje, som det gode arbeidskollegiet me er, seier Wetås på spørsmål om kva som har vore høgdepunktet som språkdirektør.

Aktiv formidling

For dei fleste av oss går truleg mykje av jobben Språkrådet gjer litt under radaren. Dei er ei vaktbikkje som held kontroll med måten staten brukar og forvaltar det norske språket.

– Eg ønskjer at innbyggarane både skal vite om Nasjonalbiblioteket og kunne bruke dei formidlingstiltaka og tenestene vi tilbyr. Vi skal treffe alle, og ikkje berre dei som har mange bokhyller i heimen frå før. Det er kjempeviktig, seier Åse Wetås. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

– Den norske språkpolitikken og språklova seier at norsk offentleg sektor har plikt til å bruke, styrkje og utvikle norsk språk – og særleg nynorsk. Det står i formålsparagrafen i språklova. Å styrkje norsk som samfunnsberande språk er hovudmålet i den norske språkpolitikken, og me skal rettleie og samordne, seier Wetås.

Men språklova gjeld for alle delar av offentleg sektor, og då sjølvsagt òg for Wetås' nye arbeidsplass, Nasjonalbiblioteket.

– Det eg har meint som språkdirektør er det som ligg i den norske språkpolitikken. På same måte ønskjer eg å vere ein aktiv formidlar av det kulturpolitiske oppdraget som Nasjonalbiblioteket har, seier den påtroppande nasjonalbibliotekaren.

Nasjonalbibliotek for alle

Nasjonalbiblioteket har i tillegg til avdelinga i Oslo også ei eining i Mo i Rana. Det betyr at Wetås må reise litt i den nye jobben.

– Det er to jamstore arbeidsstadar, og båe er viktige, slår Wetås fast.

Som ny nasjonalbibliotekar ønskjer ho at alle skal få auga opp for det Nasjonalbiblioteket tilbyr.

– At verksemda er synleg er viktig for at vi skal lukkast med oppdraget. Eg ønskjer at innbyggarane både skal vite om oss og kunne bruke dei formidlingstiltaka og tenestene vi tilbyr. Vi skal treffe alle, og ikkje berre dei som har mange bokhyller i heimen frå før. Det er kjempeviktig.

Lovar å halde seg unna

Den gamle og den nye arbeidsplassen til Wetås er ikkje heilt ulike.

– Språkrådet og Nasjonalbiblioteket er ikkje berre etatssøstrer i kulturfamilien. Men vi er òg det som vi då eg arbeidde med Norsk ordbok kalla nærskylde verksemder. Vi har deloppdrag som høyrer saman og vi har eit veldig godt samarbeid. Det å få halde fram med dette samarbeidet frå den andre sida er veldig hyggeleg, seier den avtroppande språkdirektøren.

– Men kan du love at du med så kort veg inn til Språkrådet klarer å halde deg unna styr og stell her?

– Ja, altså eg har ikkje noko behov for å vere den sjuande faren som sit i hornet og pip. Eg kjem til å ha den same inngangsdøra, men skal halde meg unna Språkrådet. Den nye språkdirektøren skal ikkje få noko trøbbel med meg, avsluttar ho og ler.

Fakta:

* Nasjonalbiblioteket har ansvar for å samle inn, bevare og gjere publisert materiale produsert i Norge tilgjengeleg. Nasjonalbiblioteket formidlar og tar vare på heile den norske kunnskaps- og kulturarven.

* Språkrådet arbeider for å styrkje det norske språket og språkmangfaldet i landet. Dei er forvaltningsorganet til staten i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet.