Forsiden

/ namn / "Det er ein slik kar i dei fleste bedrifter, folk som alltid veit best og som ikkje er redde for å fortelje kvar skapet skal stå."

/ namn / "Det er ein slik kar i dei fleste bedrifter, folk som alltid veit best og som ikkje er redde for å fortelje kvar skapet skal stå."

Tomas Ryste framfor verdas største klesklype, som han har sett opp like utanfor huset sitt. Han vonar klypa får plass i Guinness World of Records. Foto: Bent Tandstad / NPK

Humoruniverset til Tomas Ryste har ein stor fanskare over store delar av landet, kanskje spesielt på vestlandskysten. 

Thomas Ryste har halde det gåande som artist og humorist i 25 år. Den mest populære figuren i Klypa-universet hans er den illsinte ferjematrosen Kjell «Kjellen» Bigset. Og opphavsmannen lovar at det ikkje blir stille frå den karen i overskodeleg framtid.

– Eg brukar nok Kjellen til å få ut ein del frustrasjonar. Om det er noko eg opplever og irriterer meg over, så er det lettare for meg å kanalisere det gjennom han. For han kan tillate seg å seie alt, seier Thomas Ryste og gliser.

Vi møter han på heimebane i Hovdebygda i Ørsta der han for tida jobbar med tekstane til jubileumsshowet «Det verste frå bygda», som blir sett opp på Ole Bull Scene i Bergen frå 5. november. Neste år står resten av landet for tur.

Starta i gammal klypefabrikk

For å ta dette med Klypa først. Namnet kjem frå den no nedlagde klesklypefabrikken Solveig, lokalt kalla berre Klypa, som låg i nabolaget til Thomas Ryste då han vaks opp. Det var i desse lokala han og ein kamerat byrja å filme sketsjar og andre humorinnslag. Og det var her han fann inspirasjonen til fleire av figurane han starta opp med.

Eit ørlite steinkast frå heimebasen kneisar det som er verdas største klesklype av tre på ein sokkel, ein tru kopi av den opphavlege klesklypa frå Klypa-fabrikken, berre enormt mykje større. Klesklypa har alt vorte ein turistattraksjon, og er tydeleg merkt av på Google Maps.

Guinness-rekord

– Eg ventar berre på den endelege godkjenninga frå Guinness World of Records på at dette verkeleg er den største klesklypa i verda. Men det tek litt tid med dei, sukkar Ryste.

Det slår oss at Thomas Ryste er ganske ulik den mest kjende figuren sin, Kjellen Bigset. Den fysiske likskapen er der, men der Kjellen er brautande og påståeleg, er Ryste langt meir diplomatisk, Men glimtet i auga er der heile tida, ikkje minst når han fortel om korleis han i ungdomstida lurte familiemedlemer og vener ved å gi seg ut for å vere heilt andre over telefonen. Imitasjonane sat også på den tida.

Det skapte ein del spesielle situasjonar, vedgår han.

Thomas Ryste i skrivestova si i hagen heime i Hovdebygda i Ørsta. Foto: Bent Tandstad / NPK

I fotspora til far

Thomas Ryste er arveleg belasta når det gjeld humor og sceneliv. Faren Mads Ryste var ansvarleg for den lokale Hovderevyen over ein periode på 30 år.

– Eg fekk vere med på øvingane frå ung alder, og eg hugsar at eg lærte meg alle replikkane dei hadde på scena. Som barn var eg svært begeistra for den svenske TV-serien «Albert og Herbert», og eg hadde alle episodane på VHS. Også her lærte eg meg alle replikkane utanboks, ler han.

Serien frå 1970-talet handlar om far og son som dreiv på gamlemåten som skraphandlarar i bydelen Haga i Göteborg, med Thomas von Brömssen og Sten-Åke Cederhök i hovudrollene saman med hesten Herkules.

– Faren min budde faktisk eitt år i Haga då han gjekk på teknisk skule i Göteborg. Så derfor blei den serien litt spesiell for oss.

Seinare vart Trond Viggo Torgersen med dei mange ulike personane han gestalta på NRK på 1990-talet ei stor inspirasjonskjelde for Thomas Ryste.

På ungdomsskulen fekk han hovudrolla som ung beat-poet i ein film basert på romanen «Dei siste beatpoetane i Midthordland» av Ragnar Hovland. Så han var ein framfot alt i ung alder.

Siviltenesta gjennomførte hovdebygdingen på Trøndelag Teater og det gav meirsmak til scenelivet. Ryste tok likevel økonomisk utdanning, men bankkarrieren varte berre i tre år før han valde å satse på livet som artist på heiltid.

– Ikkje berre ferjemann

– Figurane eg utvikla starta som parodiar på ekte menneske i lokalmiljøet, meint for eit lokalt publikum. Men så vart eg beden om å setje opp show også andre stader, og då måtte eg gjere dei meir universelle.

Rånaren Palle var den første, medan ferjematrosen Kjell «Kjellen» Bigset er blitt den mest populære. Han er ikkje berre ferjemann.

– Eg trur det er ein slik kar i dei fleste bedrifter, folk som alltid veit best og som ikkje er redde for å fortelje kvar skapet skal stå, seier Ryste.

Frå bygdescena til byscenene

Det starta på ungdomshuset Ervingen i heimbygda. Så vart det show i Ørsta sentrum og deretter i Ålesund. Sidan gjekk det slag i slag, og Klypa-universet vart godt motteken også i andre byar. I Bergen spelte han 55 show i løpet av ein julebordsesong og opplevde ein nærmast eventyrleg suksess. Men så kom koronaen. Og då vart det bråstopp for Thomas Ryste, som for dei fleste andre i bransjen.

– Eg var veldig sliten i tida før koronaen. Eg spelte kvar helg og var over store delar av landet. Då var det ein periode der eg alvorleg vurderte å gi opp artistlivet og gå tilbake til eit meir normalt tilvære. Men det gjekk fort over. No ser eg føre meg at eg skal halde på med dette resten av arbeidslivet, slår han fast.

I koronatida intensiverte han løpetreninga, og har sidan gjennomført blant anna New York Marathon som Kjellen Bigseth. Ryste er også trenar for Hovdebygda fotball I og II i høvesvis 4.- og 6. divisjon, så fysisk fostring er viktig for humoristen frå heimbygda til Ivar Aasen.

Tusenvis av so-me-følgjarar

Takka vere ein kamerat, som var veldig god på video, var Thomas Ryste tidleg ute med å leggje ut snuttar på sosiale medium. Dei var først ute blant norske humoristar til å leggje ut videoar på YouTube, og han har lenge brukt sosiale medium som Facebook, Instagram, Snapchat og Tiktok. Berre på Tiktok har han 135.000 følgjarar.

Mange av følgjarane frå sosiale medium kjem også på showa hans.

– Og det kjekke er at eg får stadig nye fans. Eg opplever at det er stor interesse for Klypa-universet blant ungdomar, og det synest eg er veldig moro.

Tek humor på alvor

Song og musikk er viktig i alle showa til Klypa-skaparen. Han er ein habil songar, og det er kanskje ikkje så mange som veit at Ryste har sunge solo i mange gravferder i heimkommunen.

– Då eg jobba i bank hadde eg ein klausul i arbeidskontrakten min at eg kunne ta fri kvar fredag for å syngje i gravferder, fortel han.

Det er viktig for Thomas Ryste å ta humor på alvor. Han er ikkje fråhaldsmann, men han røyver aldri alkohol før han går på scena, og heller ikkje på scena.

– Det handlar om å ha respekt for dei som betalar for å sjå på meg. Om eg til dømes spelar ei langhelg i Bergen, så står eg opp klokka fem søndagsmorgonen og set meg i bilen. Då er eg heime i Hovdebygda nesten før dei andre i huset har stått opp. Det er slik eg vil ha det, avsluttar han.

Klypa-universet

Kjell «Kjellen» Bigset : Fødd i 1964 på Hareidlandet. Ferjematros og bussjåfør. Kjent for eit litt meir enn normalt hissig temperament, og for å ha skråsikre meiningar om det meste. Er skild frå kona, men bur framleis saman med henne. Ho blir ofte omtalt, og aldri i positive ordelag. Han har 200 kampar som back på fotballaget Hasundgot.

Palle : Ekte rånar med usikker alder. Uføretrygda og absolutt ingen svigermordraum. Han sper på trygda ved å selje heimebrent, snus, viagra og andre ting det kan vere ein marknad for. Er ofte å sjå i nærleiken av Esso-stasjonen i Ørsta sentrum, når han ikkje rånar rundt i amerikanaren sin på jakt etter unge jenter.

Strila-Petter : Ein temmeleg bramfri karakter frå Strilelandet ein stad. Har ei berande røyst og har løysingar på det meste.

Louis Myklebust : Han er lærling på minigravar på åttande året og countryartist. Bur i sokkeletasjen heime i huset til mor si. Her får han alle måltida servert, og mora kjem kvar dag klokka 12 til gravemaskinen hans for å levere matpakka. Er stadig frampå med nye songar med tekstar frå dagleglivet sitt i kjellarstova hennar mor. (©NPK)

Sjå også dette!

Fretta i samarbeid med Finansfokus laga denne reportasjen med Thomas Ryste i 2023.