Forsiden

/ namn / "Det er vel ingenting som eg ville ha døydd for, men eg har nok teke vel store sjansar."

/ namn / "Det er vel ingenting som eg ville ha døydd for, men eg har nok teke vel store sjansar."

Bruland var tett på hendingane då han rapporterte heim. Her frå flaumen i Tyskland i 2021. Foto: Andras D. Hajdu

Eks-korrespondenten Roger Sevrin Bruland skriv om opplevingane frå Europa i kriser: Ofrar mykje for den gode historia

Du kjenner han kanskje best som reporteren som skildra koronautbrotet i Europa i 2020. Då var han den einaste norske journalisten som rapporterte frå innsida av sjukehusa i Italia. – Eg var nok litt i «kamikaze-modus», vedgår den tidlegare NRK-korrespondenten, Roger Severin Bruland.

Nordfjordingen blei rikskjendis som omreisande Europa-korrespondent midt i utbrotet av koronaepidemien for fem år sidan. Seinare dekte han flyktningstraumen og brannen i Moria-leiren i Hellas i 2020 og var tidleg på plass i Ukraina etter den russiske invasjonen i 2022. I den nye boka «Team Berlin», fortel han kvifor han blei utanriksjournalist og korleis han jobba under pandemien og den dramatiske krigen i Ukraina.

Alt for saka

Bruland var ikkje redd for å gå tett på menneska og dei dramatiske hendingane som prega Europa i tida han var korrespondent. Det er nesten ingenting han ikkje vil gjere for å få ein god reportasje.@

Roger Severin Bruland er ikkje redd for å ta på seg krevjande oppdrag. Her frå Kherson i Ukraina. Foto: Oleh Balahan.

– Finst det historier det er verdt å døy for?

Journalisten nølar når han får dette spørsmålet på boklanseringa.

– Nei, det er vel ingenting som eg ville ha døydd for, men eg har nok teke vel store sjansar. Spesielt då eg drog til Italia under pandemien og rapporterte medan folk døydde rundt meg. På den tida visste vi lite om kor farleg koronaen var og det var mange gonger vi ikkje hadde ein god plan for dagen. Vi måtte berre prøve å kome oss nærmast mogleg menneska som var råka av tragediane. Samtidig følte eg at eg hadde eit livsviktig oppdrag med å rapportere heim om kva som skjedde på kontinentet.

Reporter med fanklubb

NRK-kjendisen har heile den journalistkarrieren sin hatt sin eigen stil og ikkje vore redd for å by på seg sjølv. Dette har ført til at mange føler dei kjenner mannen frå Stryn. Boka han no er aktuell med skulle eigentleg berre vere for andre journalistar, men han meiner ho er like mykje ei bok for folk flest og spesielt retta mot det han kallar «fansen».

– Du har altså ein fanklubb?

– Eg har i alle fall mange som har følgt meg i perioden eg jobba som utanriksjournalist. Det har eg merka når eg har halde føredrag landet rundt, seier han.

Og akkurat når vi snakkar om «fanklubben», kjem det ei 85 år gammal dame bort og vil ha selfie med forfattaren.

– Eg har nok opparbeidd meg ein liten ekstra kjendisstatus hos den eldre garde, ler han, medan kvinna får teke biletet sitt.

Mange kjenner igjen Bruland frå då han rapporterte direkte frå koronautbrotet i Europa. Foto: Nicola Zini

Utelukkar ikkje comeback

Roger Severin Bruland har flytta tilbake til bygda Utvik i Stryn kommune i Nordfjord og jobbar i det som tidlegare blei kalla Fredskorpset og som no heiter Norec. Han driv også familiegarden og seier han nesten lever eit like hektisk liv no, som då han var korrespondent.

– Kjenner du av og til at det rykker litt i journalistfoten når du ser alt som skjer ute i verda?

– Jau, det gjer det rett som det er, men du må hugse på at det er hard kamp om desse korrespondentjobbane. Men det er klart eg saknar pulsen og adrenalinkicket det er å jobbe ute i felt.

– Det skjer jo spesielt mykje i USA for tida, kunne du tenkt deg å jobbe der?

– Eg hadde ikkje sagt nei om tilbodet kom. Det er faktisk ein draum eg har, men det er som sagt mange som har den draumen, og mange flinke journalistar der ute, seier Bruland.

Roger Severin Bruland hadde med seg heimelaga øl til boklanseringa si i Oslo. Foto: Eli Strand / NPK.