Forsiden
14.04.2026 11:30
Lånekassen har sletta studielån for over 870 millionar så langt i år.
Lånekassen har så langt i 2026 sletta studielån for meir enn 870 millionar kroner gjennom ordningane for gjeldssletting i utvalde distriktskommunar og i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms.
34 000 kundar har allereie fått sletta gjeld, medan mange av dei om lag 50 000 søknadene framleis er til behandling. Av summen er 820 millionar kroner sletta gjennom den nye distriktsordninga, og rundt 55 millionar kroner gjennom ordninga i innsatssona.
Med den nye ordninga kan yrkesaktive som bur i utvalde distriktskommunar få sletta inntil 25 000 kroner årleg. I Finnmark og Nord-Troms kan låntakarar som bur og jobbar i området få sletta inntil 60 000 kroner per år.
For begge ordningane gjeld krav om bustad i ein godkjend kommune i ein oppteningsperiode på 12 samanhengande månader.
Lånekassen opplyser at dei fleste søknadene blir behandla automatisk, noko som gir raskare svar.
– I søknaden om gjeldssletting i distriktskommunar og i innsatssona hentar Lånekassen inn opplysningar om bustad og yrkesaktivitet frå offentlege register der det er mogleg. Når det ikkje er mogleg, blir kundane bedne om å sende inn dokumentasjon sjølve, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen i ei pressemelding.
Dersom dokumentasjon må sendast inn, blir saka behandla manuelt og det tek lengre tid. Lånekassen understrekar at lengre saksbehandlingstid ikkje gjer at ein mistar oppteningstid eller får ekstra renter – gjelda blir sletta når søknaden er godkjend.
Tala frå årets tre første månader viser at flest som har fått sletta studiegjeld er yrkesaktive til og med 39 år: 67 prosent av dei som har fått sletting er 39 år eller yngre, og 14 prosent er under 30 år. 63 prosent av dei innvilga søknadene er frå kvinner.
Fordelt på fylke er det Vestland som ligg høgast i samla beløp, med 234 millionar kroner sletta. I Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal er det så langt sletta meir enn 100 millionar kroner i kvart fylke.
Lånekassen peikar på at fristen for å søke er tre månader etter at oppteningsperioden er avslutta.
– Dersom du søker seinare enn tre månader etter full opptening, kan du gå glipp av dagar eller veker i oppteningsperioden, avhengig av kor lenge etter fristen du søker, seier Bjerke.
Lånekassen minner også om at ein må søke på nytt kvart år.
(©NPK)