Forsiden
08.10.2026 14:39
Duoen Sveen & Emberland har laga Noregs beste teikneserie!
Sproingprisen 2025 går til teikneserien «Kongeriket og dei harde hjelparane» av Ivan Emberland og Øyvind Sveen, publisert av Norsk Barneblad i Tuss og Troll jula i fjor.
Sproingprisen har blitt delt ut av Norsk Tegneserieforum sidan 1987. Dette er første gong Ivan Emberland og Øyvind Sveen får prisen.
– Dei treff med samfunnssatire og samfunnskritikk. Dette er gode døme på å bruke teikneseriar til å korrigere ting i samfunnet, seier generalsekretær i Norsk Tegneserieforum Jan P. Krogh i ei pressemelding.
Sproingprisen blir delt ut i to kategoriar: «beste norske teikneserie» og «beste omsette teikneserie». «Kongeriket og dei harde hjelparane» blir heidra for å vere den beste norske teikneserien. (©NPK)
Her i Fretta.no er det tydelige spor etter dei to teikneserieskaparane som stadig har bidrege med sine kvikke teikningar, ord og vendingar - mellom anna i serien "8tte til 4ire". Nokre av desse stripene vart til video, som denne: