Forsiden

Nobelprisvinnar i litteratur for 2026 blir heidra for å ha skapt nye former for samtidslitteraturen

Nobelprisen i litteratur for 2026 går til kanadiske Anne Carson. Sjå kunngjeringa frå Svenska Akademien her!

Den canadiske 76-åringen får prisen for «hennar modige og oppfinnsame arbeid, som i leiken dialog med den klassiske tradisjonen har skapt nye former for samtidslitteraturen». Ho er kjend for poesien sin, prosa og essay som ofte blir kopla til antikke greske verk og mytar, skriv SVT.

Prisen blir delt ut av Nobelstiftelsen, medan det er Svenska Akademien, eit språkleg-litterært vitskapleg akademi med 18 medlemmer, som bestemmer kven som får den prestisjetunge prisen. Nobelprisen i litteratur er éin av fem som blir delt ut av stiftinga.

Mottakaren av prisen får også 12 millionar svenske kroner.

Prisen i fjor blei tildelt ungarske Laszlo Krasznahorkai. (©NPK)