Forsiden

/ natur / Vern av europeisk ulv er nedgradert

/ natur / Vern av europeisk ulv er nedgradert

EU har endra ulven sin  vernestatus frå svært beskytta til beskytta. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Vernestatusen for ulv i Europa er nedgradert frå sterkt beskytta til beskytta.

Tre land, blant dei Storbritannia, har motsett seg endringa som er vedteke i Bern-konvensjonen.

Endringa opnar for at jakt kan takast opp att under streng regulering, noko aktivistar fryktar kan føre til at mange ulvar blir skotne.

Bønder meiner likevel at ulven er ein trussel mot husdyra deira.

Medlemmene av Bern-konvensjonen, som har ansvar for vern av dyreliv i Europa og nokre afrikanske land, vart i desember samde om nedgraderinga.

Det vart vedteke at den nye statusen skulle gjelde frå tre månader fram i tid, med mindre ein tredel av partane etter konvensjonen motsette seg han. Av dei 50 partane i Bernkonvensjonen måtte dermed minst 17 avvise endringa.

Berre tre land, Tsjekkia, Monaco og Storbritannia, har klaga på vedtaket. Endringa i vernestatus gjeld dermed ikkje for desse tre landa.

I desember kalla Senterpartiet-leiar Trygve Slagsvold Vedum statusendringa for «en stor seier for norske lokalsamfunn».

(©NPK)