Forsiden
12.05.2025 13:01
Rabies er påvist hos ein fjellrev på Svalbard, melder Veterinærinstituttet.
Rabies er ein svært alvorleg virussjukdom som også kan smitte menneske.
Fjellreven vart observert i Pyramiden, nordaust for Longyearbyen, bitande på bildekk og verka tam. Avvikande åtferd som aggressivitet og manglande blygskap er vanleg ved rabiessmitte hos fjellrev og dyret vart derfor avliva.
Sysselmeisteren, som har beredskapsansvaret på Svalbard, sende derfor etter dialog med Mattilsynet og Veterinærinstituttet, kadaveret til Veterinærinstituttet på Ås for rabiesundersøking. Den sjuke reven var ein tynn, vaksen hann som mangla dei fleste framtennene og hadde store sår i munnslimhinna.
Rabies er ikkje påvist hos dyr på Fastlands-Noreg i nyare tid, men blir påvist sporadisk på Svalbard, sist gong i 2018. Den gongen vart sjukdommen påvist hos fire fjellrevar og eitt reinsdyr på øygruppa.
Sjukdommen, også kalla hundegalskap, er ein svært farleg sjukdom for dyr og menneske og mistanke om rabies hos dyr skal derfor straks varslast Mattilsynet. Dersom ein er på Svalbard, skal Sysselmeisteren og Mattilsynet blir varsla.
Rabies vart også påvist hos vilt på Svalbard i 1980 og 2011, der fire fjellrevar og ti svalbardrein var positive for sjukdommen i 2011.
– Dersom du på Svalbard observerer fjellrev eller reinsdyr som viser unormal åtferd eller er døde, meld straks frå til Sysselmeisteren. Ikkje handter dyra sjølv! Hunder må haldast under oppsyn, og det blir oppmoda til ikkje å mate rev, seier Knut Madslien, seksjonssjef for husdyr, vilt og velferd ved Veterinærinstituttet, i ei pressemelding.
(©NPK)