Forsiden
11.02.2026 16:22
Halvsju-Bjarte retter merksemda mot dei eldre: Har samla folk med rynker i ny bok.
Mange hugsar Bjarte Ytre-Arne frå NRKs ungdomsklassikar «Halvsju», TV-serien som i beste sendetid på 80-talet sette dei unge mellom 10 og 14 år i sentrum. No er han meir oppteken av dei eldre. Snart kjem ei bok med 68 gamlingar som han vil løfta fram.
– Det er verdt å snakka om gamle folk! Me er i ferd med å forsvinna frå offentlegheita. Du ser nesten ikkje ei rynke på TV lenger, ikkje grått hår heller. Det er i staden veldig mange unge folk, og med eit slikt bakteppe er dette prosjektet ikkje berre spennande og interessant, det er viktig, seier den landskjende psykologen og samlivsterapeuten Sissel Gran (74) til Nynorsk pressekontor.
Ho er ein av dei 68 «gamlisane» som Bjarte Ytre-Arne har laga eit miniportrett av, og no skal ho fotograferast. Me kjem attende til Sissel, men først må me vita kvifor ungdomshelten for mange som var tenåringar på første halvdel av 1980-talet, har reist land og strand rundt for å ta bilete av gamle folk.
– For, Bjarte, det er jo eit stykke frå "Halvsju" til ei bok med tittelen "Gamle Gode Folk, 68 over 67". Kva skjedde?
– Vel, eg vart 70 år! Og – på dagen inviterte eg 70 stykk til feiring. På førehand sende eg ut melding om at eg ikkje ville ha presangbord med flasker, LP-plater og bøker, men at eg ville gå på kurs med fotografmeister Morten Krogvold, og her er kontonummeret, fortel Bjarte.
Han fekk solid respons og drog til Vågå i oktober 2023. Første oppdrag frå kursleiaren var å gå ut i bygda og fotografera ein «vagvær», som det heiter der oppe.
– Då tenkte eg, Morten har vore her i 30 år, det bur ikkje så mange folk her. Er det nokon som i kkje har vorte tekne bilete av? Så såg eg ei dame på andre sida av gata. Ho hadde knallgul jakke, raud sykkel, litt blått i håret. Eg såg at ho var godt vaksen, som det heiter. Og så beskreiv eg henne for Morten: Det var ei dame eg såg borti gata. - Wenche, sa han. Gløym det. - Betyr det at ho er overfotografert? - Nei, tvert imot. Ho vil ikkje vera med på noko.
Bjarte såg Wenche att dagen etter og tenkte: - Det kostar ingenting å spørja. Eg gjekk etter ho inn på biblioteket, stilte meg opp ved sida av henne og sa: Så flott du er på håret.
Dermed var isen broten og etter ein kaffi og ein hyggjeleg prat avslørte Bjarte at han var på workshop og skulle fotografera folk.
– Og så berre datt det ut av meg. Du skjønnar, eg ser etter folk litt oppi åra som held ein flott stil og viser livsglede, akkurat som deg. Etter å ha tenkt seg litt om kom det frå Wenche : – Eg har bestemt meg. Eg blir med.
Slik kom det prosjektet som Bjarte no er i ferd med å sluttføra eitt steg vidare. Ikkje berre blir biletet av Wenche truleg omslag på boka, men måten han sa at han ville presentera ho på vart også modell for innhaldet.
Det som først var ein tanke om ei rein fotoutstilling på Hamar, vart eit prosjekt med fokus på dei gode gamlingane, og inspirert av eit radioprogram om å vera så lei av å høyra om sokalla seniorar, eldre og godt vaksne, i staden for å seia at me er gamle. Og ikkje minst så pusha Morten Krogvold, som er fotografert i svart /kvitt i boka, på – han lurte på kva som eigentleg var Bjartes prosjekt.
– Då tenkte eg, ja kanskje prosjektet er det, då – å ta bilete av gamle folk, eller rettare ta bilete om gamle folk. For det er deg eg gjer. Eg har møtt folk som er oppegåande, anten i eit yrke eller som kunstnarar, eller dei berre er livsglade og held på med ting. Det er dei eg prøver å løfta fram. Dette kan kanskje bli til inspirasjon for eldre folk, eller barn og barnebarn som kan gi denne boka til foreldre eller besteforeldre som dei synest har parkert litt.
– For det kan vera ein liten kveik?
–Ja, men eg skriv ikkje om dei som ikkje får plass på sjukeheimar. Dei får jo nok plass i media. Eg vil ha dei som fortel gode historier som kan inspirera, og kanskje i nokre tilfelle provosera. For det er fleire som har opplevd aldersdiskriminering. Eg har kjempegode døme på at den øvre aldersgrensa kanskje ikkje er nødvendig. Mange av oss blir betre og betre og er kanskje på toppen av erfaring og kompetanse, og akkurat då blir me kasta ut. Og det er misbruk av verdifull arbeidskraft i eit samfunn som treng oss. Så det er litt av bodskapen i boka.
– Kvar har du funne desse 68 gamlingane?
– Etter at eg delte tanken om dette prosjektet på Facebook og Linkedin kom det forslag om spennande folk frå mange kantar av landet og snart er alle 68 på plass. Dei fleste er frå Innlandet, der eg bur, men eg har farta rundt, har vore i Bergsdalen, min barndomsdal i Vaksdal og elles fått med folk i Oslo, Molde, Kristiansand, Akershus, Rogaland, Vestland, Vestfold, Trøndelag og Nordland. Det dyraste biletet var å portrettera NRKs Einar Lunde – som var på jobb som reiseleiar i Sør-Afrika, fortel Bjarte.
Han legg ikkje skjul på at bakgrunnen som journalist har vore viktig når det gjeld å møta folk og få dei til å bli interesserte og komfortable.
– I "Halvsju" hadde me eit «slogan» som sa at me var ein verkstad for sjølvtillit for 10-14-åringar. At me intervjua 10-14-åringar som sa ting som andre på same alder såg på. Det er jo litt av det same dette – ein verkstad for sjølvtillit for gamlingar. Eg hadde nyleg eit foredrag om prosjektet på Hamar. Der var det ein advokat som er 73. Etter foredraget sa han: Du har inspirert meg til å stå lenger i jobben. Eg skal ikkje gi meg enno. Så kanskje har eg lykkast?
Så attende til psykologen Sissel Gran som tykkjer det er kjempefint at gamle folk blir portretterte og løfta fram på ein positiv måte.
– Når me blir gamle, er me ofte berre ein sånn kuriositet. Men dette er jo menneske som har levd liv, då. Det synest eg er fint. Du må hugsa at gamle folk oftare og oftare forsvinn frå offentlegheita. Her møter me gamle folk som det mennesket dei er, og som meiningsberarar. Folk som har informasjon å komma med, som har historier å fortelja. Som har kunnskap og kompetanse å komma med. Så eg gler meg veldig til å lesa boka og sjå portretta, seier 74-åringen som er ei av dei 68 i boka som er planlagt i april.
– Heilt til slutt, Bjarte – er det framleis slik at folk kjenner deg att frå Halvsju-tida?
– Hehe, ja – men kanskje ikkje så mykje på grunn av utsjånaden. Dei hugsar det merkelege etternamnet …
(©NPK)