Forsiden

/ arbeid / "Det er noko eige med å slåst på heimebane"

/ arbeid / "Det er noko eige med å slåst på heimebane"

ALLTID BUDD: – Eg har aldri nokosinne hatt eit ønske om å få brukt alt eg har trena på i full skala. Men om noko skulle skje, er eg klar, seier heimevernssjef Frode Ommundsen. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Heimevernet trappar opp: Nye våpen, betre utstyr og fleire soldatar skal styrke forsvarsevna og gjere 45.000 soldatar klare for krig.

Åtak og sabotasje mot Noreg er ikkje lenger berre ein fjern tanke. Det er difor over 40.000 norske elektrikarar, lærarar og ingeniørar no bur seg på det verst tenkjelege.

– Eg kjenner på ansvaret mitt kvar dag – ansvaret for at vi skal vere så klare som vi kan. Viss noko skjer, har vi jo eit avgrensa antal dagar på oss, seier heimevernssjef Frode Ommundsen.

Til kvardags er soldatane hans lærarar og elektrikarar og sjukepleiarar og IT-folk, busette ytst i havgapet, i små fjellbygder og i tett befolka byar. Men om det verste skulle skje, er dei alle klare til å sleppe det dei har i hendene og gje alt for Noreg.

Ofre alt, om dei må.

– For nokre år sidan hadde eg ikkje trudd det skulle bli krig i Europa på den måten det er no. No har alvoret kome tettare og gitt oss eit bakteppe som gjer det endå lettare å motivere seg for å gjere dei naudsynte førebuingane, seier Ommundsen alvorleg.

– Det er jo ein heilt spesiell situasjon der ute – og vi skal vera klare til å fungere når veldig lite anna fungerer. Vi er til stades overalt, alltid. Det er det som skil Heimevernet frå resten av Forsvaret.

ALT FOR NOREG: Til kvardags er soldatane hans lærarar og elektrikarar og sjukepleiarar og IT-folk, busette ytst i havgapet, i små fjellbygder og i tett befolka byar. Men om det verste skulle skje, er dei alle klare til å sleppe det dei har i hendene og gje alt for Noreg.

 

Deg og meg

I dag tel Heimevernet 40.500 soldatar. Det gjer dei òg til Forsvarets største avdeling. 37.500 av soldatane tilhøyrer områdestyrkane i dei 11 HV-distrikta og er sjølve DNA-et i Heimevernet. I tillegg disponerer Ommundsen ein såkalla innsatsstyrke på 3000 kvinner og menn. Dei er røynde heimevernssoldatar på frivillige kontraktar som trenar mellom 25–30 dagar i året og har raskare reaksjonsevne.

I fredstid er oppdraget til Heimevernet å sikre og støtte under allierte øvingar, hjelpe politiet og støtte det sivile samfunnet. Men ved kriser og krig skal dei beskytte både folk, territorium og kritisk infrastruktur og objekt. Det er Heimevernet som skal halde orden i huset slik at resten av forsvaret kan fungere, forklarar Ommundsen, som har sete i hovudkvarteret på Terningmoen leir på Elverum:

– Heimevernet er meg og deg der ute i lokalsamfunna. For å ha den strukturen vi har i dag, er vi difor heilt avhengige av at det bur folk i heile Noreg. I Finnmark har vi til dømes utdanna eigne soldatar for å tilpasse oss behovet der. Når finnmarksungdom er ferdig med førstegongstenesta dreg dei ut att som HV-soldatar i sine område. Det har vore ein stor suksess. Det er noko eige med å slåst på heimebane.

Panservern og luftvern

Sjølv byrja generalmajoren i Forsvaret i 1986 då den kalde krigen gjekk mot slutten. Han har brei erfaring frå internasjonale operasjonar i Bosnia, Kosovo og Afghanistan og kom frå rolla som nestkommanderande i Hæren då han vart tilsett som sjef for Heimevernet for halvtanna år sidan.

Sidan den gong har Forsvaret rulla ut sin nye langtidsplan. I den ligg det også an til ei historisk nysatsing på Heimevernet. Innan 2036 skal den totale HV-styrken vekse til 45.000 soldatar. Agder blir i tillegg reetablert som nytt Heimevernsdistrikt, og talet på innsatsstyrkar skal auke til 16. To av dei blir maritime.

Kvar einaste soldat skal også få betre utstyr og trene 5–7 dagar kvart år, fortel Ommundsen:

– Treningane er høgtid. Det er den tida vi har til å skru soldatane saman på det dei skal gjere viss noko skjer. Vi kan også kalle dei inn på kurs og skarpe oppdrag som redningsaksjonar og beskyttelsesoppdrag.

Frå å ha hatt mange forskjellige handvåpen blir no HK416 standard for alle, fortel han:

– I tillegg kjem det fleire tyngre våpen på lags- og troppsnivå, betre køyretøy, panservern og lett luftvern. Etter kvart får vi og større dronekapasitet, og ikkje minst utstyr til å kontre dronetruslar.

– Kva hastar mest å få på plass, ut frå den geopolitiske situasjonen?

– For oss er det viktig å tette logistikkmessige hol og fylle opp lagera – og å få til den planlagde veksten av personell. I tillegg skal vi styrke kvaliteten og uthaldenheita i alt vi gjer. På styrkebeskyttelsesoppdrag har vi allereie vist at vi kastar oss rundt veldig mykje raskare enn mange kanskje trur.

Klare for krig

Det er mangfaldet av alder, bakgrunn og kompetanse blant soldatane som er Heimevernet si største styrke, meiner Ommundsen, og peikar mellom anna på dei mange lærarane som no har meldt seg frivillig til å trene ukrainske soldatar både i Noreg og England. I tillegg til å understreke alvoret i situasjonen, gir også relasjonen til ukrainarane viktig kompetanse og lærdom attende:

– Eg kjenner ekstra på ansvaret mitt når eg veit at vi trenar folk som skal rett i krigen. Det gjer sterkt inntrykk på oss alle og minner om kor viktig det er å vere klare og at vi ikkje kan ta noko for gitt.

– Eg reflekterer over alt som skjer og det soldatane mine er med på kvar einaste dag. Men først og fremst er eg oppteken av å gi soldatane våre god trening slik at dei er klare viss noko skjer. For situasjonen har vist oss at det kan skje. Og vi set stoltheita vår i at vi skal vere klare for det verste når oppdraget vårt byrjar.

– Så viss alarmen går i morgon, er de klare for krig?

– Under langtidsplanarbeidet har vi sett at det gode grunnar for at vi skal bli større og ha meir utstyr for å bli endå betre rusta til å stå i ting over tid. Vi får ikkje fiksa alt med ei gong – så vi er klare med det vi har.

Gradert plan

Det er frå Heimevernets hovudkvarter på Terningmoen i Elverum alt skjer. Ommundsen sin stab tel rundt 70 personar. I bygningane like ved ligg mellom anna kontorlokala til HV-distrikt 05, rekrutt- og fagutdanninga og NATO-skulen Cold Weather Operations. Samlinga av ressursar gir mange fordelar, seier Ommundsen:

– Eg har det territorielle operasjonssenteret rett i nærleiken, og derfrå kan eg nå både det fellesoperative hovudkvarteret i Bodø, logistikkorganisasjonen, toppsjefane i Oslo og dei nordiske samarbeidspartnarane mine. Og eg vil ikkje minst kunne snakke med alle heimevernsdistrikta. Om noko skjer, har vi planane klare, og eg vil handtere utfordringar som er innanfor mandatet mitt.

– Og viss alt bryt saman og det er totalt kaos og du ikkje får tak i nokon – kva er mandatet ditt då?

– Vi har planverk for det meste, men den informasjonen er gradert, så det kan eg ikkje seie noko om.

– Med det sagt, er vi opplærte til å tenkje sjølv. Om eg ikkje skulle få tak i dei eg skal, er det jobben min å tenkje på nivået over meg òg. Akkurat som sjefane under meg må.

–Trur du vi som innbyggjarar er klare?

–Beredskapsmeldinga med kommunale beredskapsråd er eit viktig verktøy, og eg er glad for at direktoratet for sivilberedskap har sett fokus på kva folk bør ha heime, seier Frode Ommundsen.

– Det er vel ingen tvil om at situasjonen i Ukraina har vist folk at det å ha beredskap for å kunne klare seg sjølv er avgjerande – og at det er langt viktigare enn mange kanskje hadde forstått. 

FAKTA: Alarmen går

Det finst rundt 1250 varslingsanlegg i Noreg. Dei fleste ligg i byar og tettstader. Over halvparten av befolkninga vil kunne høyre signala anlegga sender ut.

  • Tyfonar: Når tyfonane tutar i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane betyr det «viktig melding – søk informasjon». Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg blir gitt gjennom ulike media, til dømes radio, tv, nettsidene til styresmaktene og sosiale medium. Signalet kan brukast både i fred og krig.
  • Flyalarm: Viss sirenene varslar med korte støyt i cirka eitt minutt betyr det «fare for angrep – søk dekning». Signalet blir brukt ved fare for flyangrep eller ved øvingar i krigsberedskap.
  • Faren er over: Når sirenene tutar samanhengande i eit halvt minutt betyr det at faren er over.

(Kjelde: Sivilforsvaret)