Forsiden
25.02.2025 22:22
Strengare miljøkrav har ført til forbod mot fleire av dei mest effektive plantevernmidla. Samstundes aukar problema med skadedyr i frukt- og bærproduksjon.
Eitt etter eitt har dei mest effektive sprøytemidla blitt forbodne. No jobbar forskarane på spreng for å finne nye løysingar for fruktbøndene, men fryktar at det både kan vere for lite og for seint.
– Arbeidet med å finne og få godkjent alternative plantevernmiddel kom altfor seint i gang. Eg trur korkje styresmaktene eller produsentane heilt skjønte alvoret. Men no er det blitt alvor, seier forskar Gunnhild Jaastad.
Ho jobbar med insekt og planteverntiltak ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i Ullensvang i Hardanger og forskar primært på skadedyr på frukt. No som mange av dei gamle og mest effektive sprøytemidla i landbruket er blitt forbodne – fleire av dei såkalla systemiske middel – freistar ho og kollegaene å finne nye tiltak mot skadedyra. Føresetnaden er at nye preparat ikkje er til fare for folkehelsa og miljøet – og med det heller ikkje øydelegg livsgrunnlaget for andre organismar og pollinerande insekt som bier.
Utfordringa er at ein førebels ikkje har funne erstatningar for midla som allereie er borte, eller at erstatningane ikkje er gode nok. Nye EU-direktiv gjer også at endå fleire av dei mest potente preparata kjem til å forsvinne frå hyllene etter kvart.
– Ofte er dei nye midla ikkje like effektive som dei systemiske plantevernmidla var. No manglar me tiltak sjølv mot dei aller vanlegaste skadeinsekta som øydelegg avlingar og kvaliteten på dei, seier Jaastad.
Ho har sjølv snakka med fruktbønder som har tapt halve fruktavlinga til skadedyr som teger. Før hadde bøndene effektive middel mot denne insektgruppa, som er blitt eit svært stort problem dei siste tre-fire åra.
Etter at dei systemiske midla vart forbodne, har produsentane hatt lite å stille opp med. Fruktbøndene får og snart tilsvarande utfordringar med rognebærmøll som går på eple og kirsebærfluge som klekker frå egg lagt inni morellar. Begge insekta har i lang tid blitt haldne i sjakk med systemiske middel. No blir også desse forbodne:
– Til frukt er det få tilgjengelege insektmiddel att. Frukt er i tillegg eit høgkostnadsprodukt, der tap av kvart einaste eple betyr noko, påpeikar Jaastad.
Dei fleste av dei systemiske plantevernmidla som no er forbodne blir tekne opp i heile planta og verkar ofte mot fleire stadium i livssyklusen til insektet. Høgrisikomidla kan slik ta knekken på både egg, larver og vaksne insekt som syg saft frå skot og frukt. Verknadstida kan vera opp til to veker etter sprøyting.
Dei nye og alternative preparata består derimot av oppløysingar ein må sprøyte direkte på insektet, maten eller egga for at det skal ha effekt. Andre alternativ med låg risiko er luktstoff som forstyrrar paring blant ein eller få artar og gjer at hoene legg egg som ikkje er befrukta. I tillegg kan ein sprøyte ut bakteriar og virus som insektet døyr av om dei et det, forklarar Jaastad.
Då dei kjemiske plantevernmidla kom på 1950-talet, vart dei lovprisa for effektiviteten mot skadedyr, ugras og sopp. Sidan kom det for ein dag at dei same midla ikkje berre tek knekken på skadedyra; dei øydelegg også livsgrunnlaget for viktige mikroorganismar og pollinerande insekt som bier. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Kirsebærfluga, som har auka i utbreiing dei siste åra, legg til dømes egg som klekkjer til larvar inni sjølve frukta. Andre skadedyr legg egg under borken på frukttrea. Det er ei utfordring, om ein må bruke middel som krev at preparatet blir sprøyta direkte på egga for at det skal ha effekt, vedgår Jaastad:
– For å lukkast med lågrisikomidla, må ein finne effektive tiltak og sette inn tiltaka til nøyaktig rett tid. Til det treng me omfattande forsking og detaljert kunnskap om livssyklusen til insekta og korleis utviklinga og åtferda vert påverka av omkringliggjande faktorar, seier ho.
– Strengare miljøkrav har lege i korta ei stund. Er det blitt forska for lite?
–Ja, det er forska for lite. Men det pengepotten som bestemmer kva det blir forska på. No håpar eg difor både Forskingsrådet og faglaga kjem på banen, slik at det blir tildelt meir forskingsstøtte før endå fleire av dei systemiske plantevernmidla forsvinn, seier Jaastad.
I Ullensvang testar Nibio også ut effekten av å stenga skadeinsekt i morellfelt ute med netting. Prosjektet ser i tillegg på om det er mogleg fremma nytteinsekt som kan avgrensa mengda av skadegjerarar. For skadegjerarane er ikkje berre blitt vanskelegare å bli kvitt – dei aukar også i antal artar, grunna varmare klima og import av varer. Blodlusa, som kan gjera stor skade på unge tre, er ein av nyinnflyttarane.
Mildare klima kan også føre til at insekta spreier seg over større område og gje fleire generasjonar av insekt i løpet av ein vekstsesong. Epleviklaren har til dømes tradisjonelt berre hatt ein generasjon i Noreg, medan det i seinare år er funne to, fortel Jaastad:
– No hastar det mest med å finne alternative tiltak som blir godkjente av Mattilsynet og å sette saman ein plantevernsstrategi. Han vil truleg bestå av ulike tiltak mot ulike livsstadium hjå skadedyra. Det betyr til dømes at me må jobbe meir med å «forstyrre» insekta, til dømes under paring, egglegging og flyging, og sjå korleis me kan lokka insekta med lukt som liknar maten deira. Slike ting krev både meir kunnskap på somme område og heilt ny og grunnleggande kunnskap på andre.
Å få bukt med insekta som skadar frukta direkte er ein prioritet, seier Gunnhild Jaastad, som understrekar at alt arbeid skjer i tett samhandling med fruktbøndene sjølve.
Dei veit betre enn nokon at det verkeleg hastar.
– Konsekvensane av manglande tiltak og mindre effektive tiltak er mindre avlingar, og at ein mindre del av avlinga kan seljast som klasse ein. Det er viktig å ta innover seg for dei som nett har teke over fruktbruk eller vurderar å gjere det.
(©NPK)