Forsiden

/ natur/ "Dette er ein stor siger, og det betyr at dommen frå Oslo tingrett var feil"

/ natur/ "Dette er ein stor siger, og det betyr at dommen frå Oslo tingrett var feil"

Staten har tillete dumping av opptil 170 millionar tonn gruveavfall her, noko som skal endeleg avgjerast i lagmannsretten. Foto: Wim Lassche/Naturvernforbundet

NYTT HÅP: Efta-domstolen gir miljøorganisasjonar medhald i Førdefjorden-søksmål

 Det er ikkje «tvingende allmenne hensyn» som opnar for å deponere gruveavfall i Førdefjorden, slår Efta-domstolen fast.

Etter tapet mot staten i fjor bad miljøorganisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom Efta-domstolen vurdere godkjenninga til staten av å dumpe opptil 170 millionar tonn utsprengt gruveavfall i Førdefjorden.

Onsdag klokka 14 kom dommen frå domstolen i Luxembourg. Der er konklusjonen at reint økonomiske omsyn ikkje kan tene som grunngiving for å tillate slik forureining.

– Dette er ein stor siger, og det betyr at dommen frå Oslo tingrett var feil. No ser vi fram til å møte staten i lagmannsretten for å setje ein endeleg stoppar for dumping av gruveavfall i Førdefjorden, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

Berre rådgivande

– Det var eit krystallklart svar på det aller viktigaste spørsmålet: Kan lønnsemd, vanleg lønnsemd for aksjonærar, tilsette og skatteinntekter utgjere tvingande allment omsyn? Nei, det kan det ikkje, seier Gulowsen til NTB.

Efta-domstolens dom er ikkje juridisk bindande, men er ein rådgivande uttale. Han kan likevel bli tillagt stor vekt når ankesaka blir teken opp til behandling i Borgarting lagmannsrett seinare i år.

– Vi har eit heilt anna høve til å vinne saka i lagmannsretten i juni enn vi ville hatt utan avklaringa i Efta-domstolen.

Andre også imot

Tidlegare har både EU-kommisjonen og Eftas overvakingsorgan Esa uttala seg i saka.

Begge meiner at verken omsynet til privat forteneste eller skatteinntekter fell inn under kravet i vassdirektivet for å tillate forureining.

Engebøfjellet ved Førdefjorden inneheld Noregs største kjende førekomst av rutil, som blir brukt til utvinning av titandioksid (E171) og granat. Etter mange års utsetjingar starta Nordic Mining gruvedrift på fjellet like før jul i fjor.

Lagmannsretten avgjer

Regjeringsadvokaten meiner det må gjerast ei konkret vurdering frå sak til sak.

– Domstolen gir ei nyttig avklaring av korleis direktiva skal tolkast og understrekar at det må gjerast ei konkret vurdering frå sak til sak, noko vi også har argumentert for, skriv Karen Mellingen hjå Regjeringsadvokaten i ei melding til NTB.

Ho understrekar at Efta-domstolen har komme fram til at reine økonomiske interesser ikkje kan vektleggjast åleine, noko ho meiner ikkje er overraskande.

– Men domstolen uttaler også at omsynet til arbeidsplassar i enkelte område og forsyningstryggleik av kritiske råvarer, kan vere legitime omsyn i løyvet til eit slikt prosjekt.

– Det blir no opp til lagmannsretten å avgjere om løyva i Engebø-saka er lovlege.