Forsiden

/ namn / "Jern og stål har enormt gjenvinnings-potensial, og det skal ikkje så mykje til før ein langt overgår det som er mogleg å henta frå havet."

/ namn / "Jern og stål har enormt gjenvinnings-potensial, og det skal ikkje så mykje til før ein langt overgår det som er mogleg å henta frå h...

Helge Ryggvik meiner utvinning av mineral på havbotnen er uforsvarleg og lite lønsamt. Foto: Emil Askvik Hosøy / NPK

Han trur ikkje mineral på havbotnen er naudsynte for det grøne skiftet.

Forskar og forfattar Helge Ryggvik meiner gruvedrift på havbotnen er dyrt, vanskeleg og ikkje naudsynt. Det er ikkje staten samd i.

Er det absolutt ingenting positivt med utvinning av mineral på havbotnen, altså?

– Det som er positivt er at det har ført til fantastisk mykje fin forsking, og me har lært veldig mykje om djuphavet me ikkje hadde lært elles.

Helge Ryggvik er seniorforskar ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo. Han er også aktuell med boka på «På dypt vann – havbunnsmineralene og menneskehetens arv.»

Der kritiserer han mellom anna argumentet om at mineral frå havbotnen er naudsynte for det grøne skiftet og ei klimavennleg framtid.

Nok på land

Ryggvik innrømmer villig at dei fleste av argumenta i boka er gamle. Det som er nytt er at alle er samla på ein stad.

Det kraftigaste argumentet er at det finst meir enn nok mineral på land, meiner han, og at desse er mykje billegare å vinna ut.

– Det er meir enn nok på land. Kor mykje me eigentleg treng er ofte overdrive. Dei det er mest snakk om er kobolt, kopar, nikkel, litium, grafitt, silisium og sjeldne jordmetall. Det einaste du kan seie det finst ein del av og som vert framheva i samband med havbotnen er kobolt og sjeldne jordmetall.

Kobolt og sjeldne jordmetall er begge særs viktige i mykje ny teknologi, og kanskje enno meir i våpen, seier Ryggvik. Det er altså mineral med har sterk bruk for, men me må ha betre forsting av proporsjonane.

– Sjeldne jordmetall er eigentleg ikkje så sjeldne, dei er mellomsjeldne. Det er ein del her og der, mellom anna i Fensfeltet, som er mange gonger meir lønsame enn dei på havbotnen.

Fensfeltet er eit stort mineralfelt i Telemark. Det er det største området med sjeldne jordartar i Europa, og den tredje største drivbare førekomsten i verda.

Når det gjeld kobolt, som er viktig i mellom anna batteri, viser Ryggvik i boka si til eit ganske enkelt reknestykke. I dag finst det globale koboltreservar på 11 millionar tonn, noko som tilsvarar dagens forbruk dei neste førti åra. I tillegg kjem ressursar ein kjenner til, men som førebels ikkje er klare for utvinning. Då er me oppe i dagens forbruk i åtti år.

Sidan 2022 har prisen på kobolt til overmål falle, i hovudsak som følgje av at det er utvikla batteri til mellom anna elbilar som nesten ikkje nyttar kobolt i det heile. Det er dermed heller ikkje garantert at bruken av metallet kjem til å auka i åra framover.

Vanskeleg å gjera lønsamt

Eit anna problem med å produsera slike metall i Noreg, er at volumet av dei på verdsbasis er særs lågt. Difor har marknaden ein tendens til å sentrera produksjon ein enkelt stad i verda for å gjera det mest lønsamt. Tidlegare var det USA, og i dag er det Kina.

Ryggvik seier det skal særs mykje til å gjera Noreg til verdsprodusent.

– Tanken er at Vesten må bryta monopolet til Kina. Marknadskreftene løyser ikkje det, fordi det ikkje er lønsamt. Dermed må du har fastpris til fast kjøpar. For Noreg er det EU som må stilla som kjøpar med fastpris. Då vert dette veldig komplisert.

Det som gjer det minst like komplisert er at det også finst store førekomstar av slike metall i mellom anna Kiruna, i Ukraina og på Grønland. To av desse førekomstane er innafor EU, og den siste kan snart verta det.

På grunn av alt dette trur Ryggvik det er heilt naudsynt å subsidiera oppstart og produksjon. Staten ha meint at det beste er å starta varsamt, men det er ikkje mogleg, trur han.

– Det funkar dårleg nettopp fordi det er så dyrt å vinna ut.

Kopar og gjenvinning

Eit anna metall forkjemparane for gruvedrift på havbotnen har snakka mykje om, er kopar. Her meiner Ryggvik det ganske enkelt finst betre alternativ.

– Det store elementet er kor mykje ein tar inn av kopar i gjenvinning. Potensialet i til dømes elbilar er enormt stort. Det er ikkje lenge til me byrjar å skrapa elbilar, og då kan me få eit regime der du sakte men sikkert treng mindre kopar frå gruver. Det ser me med aluminium allereie.

Ryggvik nyttar eksempelet med gjenvinningsanlegget for aluminium på Holmestrand. Tidlegare var dette ein liten underleverandør av metallet, men er i dag den største leverandøren i landet.

– Det er det spesielle med mineral, dei er utruleg bestandige. Sjølv, jern og stål har enormt gjenvinningspotensial, og det skal ikkje så mykje høgare gjenvinningsgrad til før ein langt overgår det som er mogleg å henta frå havet.

– Men om det stemmer, at gruvedrift på havbotnen er så lite lønsamt, kvifor vert det kjempa fram på denne måten, frå både industrien og staten?

– Snakkar du med selskapa, vil dei seia det er lønsamt. Eg trur ikkje noko på det. Dei serverer ganske enkle parpirløysingar. Når olja har eit prosjekt ferdig, har dei vore gjennom 6–7 år med utgreiing. Det er ein veldig komplisert prosess der du skalerer opp for kvart ledd. Desse prosjekta er ikkje ein gong på konseptstadiet, og er i realiteten prosjekt med 4–5 menneske. Dei byggjer på ein del forsking og prøver å presentera det som eit prosjekt. Grunnlaget deira for økonomiske kalkylar er minimalt.

Departementet: – Ny og viktig havnæring

Energidepartementet, som er ansvarlege for industri på sokkelen, er ikkje samd i framstillinga til Helge Ryggvik. Statssekretær Snorre Erichsen Skjevrak i departementet seier i ein e-post til Nynorsk pressekontor at opninga for mineralutvinning på havbotnen er eit ledd i ein strategi for å sikra forsyning frå fleire kjelder.

– Ressursforvaltninga vår er motivert av eit ønske om god ressursforvaltning og lønsam utnytting av naturressursane, og om å bidra til ei mogleg diversifisering av forsyninga av mineral.

Då regjeringa bestemte seg for å tillata slik gruvedrift, vart dette vurdert opp mot ressursar på land, til dømes Fensfeltet? Er ikkje det meir lønsamt?

– Havbotnmineral kan bli ei ny og viktig næring for Noreg, med potensial for verdiskaping og arbeidsplassar. Politikken til regjeringa ligg fast. Kartlegging har vist at det er eit betydeleg ressurspotensial for havbotnmineral på kontinentalsokkelen. Det er likevel selskapa som vurderer om utvinning på norsk sokkel er lønsam. Rolla til styresmaktene er å leggje til rette for næringsverksemd og samstundes stille krav om at verksemda er forsvarleg og berekraftig, seier Skjevrak.

Problemet med at ressursar ein treng lite av har ein tendens til å sentrera seg på ein stad, og elles ikkje vera lønsam, tar ikkje departementet så tungt. Det er opp til marknaden å løysa.

– Det er marknaden som avgjer kor mykje mineral det vil vere behov for i framtida. Det er godt dokumentert frå blant anna Verdsbanken og IEA at behovet for mineral aukar, og at forsyninga i dag kjem frå få og dominerande aktørar. Moglegheita for lønsam utvinning av mineral frå norsk sokkel kan bli ei ny og viktig havnæring for Noreg, og samstundes bidra til å sikre og diversifisere forsyninga av viktige metall på lengre sikt, skriv Skjevrak.

Han legg til at større diversifisering av kjeldene til slike viktige mineral, er noko Europa har aukande behov for.

– Den vestlege verda, og særleg Europa, er i dag i stor grad avhengig av import for å dekkje behovet for metall som trengst blant anna i overgangen til lågutsleppssamfunnet. Den geopolitiske utviklinga understrekar kor viktig det er å sikre forsyninga av viktige mineral og metall frå fleire kjelder, og at dei kjem frå land med stabile og demokratiske styresett, med gode rettar og tryggleik for arbeidarane.

  • NPK har også tatt kontakt med fleire selskap som ønskjer å vinna ut mineral på havbotnen for å høyra deira side av saka. Eitt hadde gått konkurs, dei andre svarte ikkje.

(©NPK)