Forsiden

/ utvandringa / "Mange av dei hadde flytta frå bygda til byen før det, slik at byen vart ein stoppestad på vegen til Amerika"

/ utvandringa / "Mange av dei hadde flytta frå bygda til byen før det, slik at byen vart ein stoppestad på vegen til Amerika"

Norsk immigrantfamilie i Nord-Dakota truleg i rundt 1886. Foto: Ukjent

Flytta frå overbefolka bygder: 200 år sidan draumen om eit betre liv i Amerika vart røyndom.

 

 Måndag 4. juli 1825 kasta den første amerikabåten frå Norge loss i Stavanger. Det var den aller første organiserte båtreisa med nordmenn som ville skape seg eit nytt liv i Amerika. Nynorsk pressekontor har sett litt på kvifor dei reiste og kvar dei kom frå.

Historisk seglas: I 2025 er det 200 år sidan seglskuta «Restauration» sette kursen frå Stavanger mot New York med 52 emigrantar om bord. Reisa blir rekna som den første norske organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika i moderne tid. Illustrasjon: Norsk utvandrarmuseum

 

Det var folk frå Sørvestlandet som starta den norske utvandringsbølgja til Amerika for 200 år sidan, måndag 4. juli 1825. Sidan kom resten av landet sakte, men sikkert med.

I høve til folketalet var det berre Irland som hadde fleire utvandrarar til Amerika enn Noreg, og Sverige var på tredjeplass.

– Mange av utvandrarane som var med på den første båten «Restauration», som gjekk ut frå Stavanger 4. juli i 1825, var haugianarar og kvekarar. Dei hadde ikkje religionsfridom her i landet, og hadde høyrt at fridomen var større i Amerika, seier forskar Ruth Hemstad til Nynorsk pressekontor. Ho har vore med på å lage ei utstilling ved Nasjonalbiblioteket som markerer at det er 200 år sidan starten på den norske utvandringa til det som vart kalla «Den nye verda». Utover året blir det jubileumsmarkeringar i det meste av landet.

Ruth Hemstad er ei av dei ansvarlege bak den store utvandringsutstillinga i Nasjonalbiblioteket. Foto: Nasjonalbiblioteket

Ifølgje Store norske leksikon (snl.no) kom mange av kvekarane som emigrerte frå Tysvær nord i Rogaland. På den tida måtte alle nordmenn stå i statskyrkja, og det var ikkje alle som kjende seg heime der. Først i 1845 kom ei lov som gjorde at trussamfunn utanfor statskyrkja vart lovlege (dissenterlova).

900.000 reiste

Truleg var det 900.000 nordmenn som reiste over Atlanterhavet for å skape seg eit nytt liv i perioden frå 1825 til etter andre verdskrigen. Og i dag er det om lag like mange norskætta i USA og Canada som det er innbyggjarar i Noreg.

Postkort av Fridomsstatuen i New York sendt av ein norsk innvandrar. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Ruth Hemstad fortel at norske og skandinaviske amerikanarar i stor grad dyrka historia om Leiv Eiriksson og landkjenninga hans i Amerika rundt år 1000, som ein viktig del av identiteten sin. Dei bidrog til å spreie Vinlandsagaene, dei gav ut historiebøker som bygde opp under dette, og ikkje minst sette dei opp statuar av Leiv Eiriksson fleire stader.

– 9. oktober, datoen då «Restauration» kom til New York, vart brukt for å markere Leiv Eiriksson-dagen. Og frå 1964 har det vore ei offisiell amerikansk markering av denne dagen. Norskamerikanarane har fått aksept for at Eiriksson var den første kvite oppdagaren av Amerika, og slik har dei laga band frå norsk historie til si eiga historie, seier ho.

Det store gjennomslaget

Det store gjennomslaget for at Leiv Eiriksson verkeleg var den første Amerikaoppdagaren, kom ved verdsutstillinga i Chicago i 1893. Det var planlagt som ei 4000-årsmarkering av Columbus som «oppdagaren av Amerika», men dette vart prøvd kuppa av norskamerikanarane. Dei sigla ein replika av Gokstadskipet, skipet «Viking», frå Noreg til Chicago, noko som vekte enorm oppsikt.

Det høyrer med til historia at replikaene av skipa til Columbus måtta tauast over Atlanterhavet.

– Norskamerikanarane utlyste også ein konkurranse om det beste måleriet av Leiv Eiriksson. Det seinare så vidgjetne biletet «Leiv Eiriksson oppdagar Amerika» av Christian Krohg vann konkurransen, men etterpå meinte norskamerikanarane at biletet ikkje var heroisk nok, og dei sende det tilbake til Noreg, fortel Hemstad.

Overbefolka bygder

Historikar Henrik Olav Mathiesen, fagansvarleg for utstillinga i Nasjonalbiblioteket, stadfestar at det var mangelen på religionsfridom som fekk ein del av dei første nordmennene til å reise frå heimlandet. Seinare vart andre årsaker viktigare.

– Fattigdom var ikkje den viktigaste årsaka. Noreg var ikkje fattigare enn andre land, men bygdene byrja å bli overbefolka. Odelsretten gjorde at eldstemann overtok garden, og det var lite jord att å dyrke. Alternativet var å bli husmenn, men det var ikkje så attraktivt. Byane hadde heller ikkje så mykje å by på. Så for mange var det eit håp om eit betre liv i Amerika, der dei kunne halde fram som bønder, seier han til Nynorsk pressekontor.

Dei første tiåra av utvandringshistoria var det flest som reiste frå landsbygda, men frå 1870-åra var det også mange byfolk som emigrerte.

– Men mange av dei hadde flytta frå bygda til byen før det, slik at byen vart ein stoppestad på vegen til Amerika, forklarar Mathiesen.

Kulturelle avtrykk

Historikaren trur at den såkalla amerikaniseringa av Noreg starta lenge før vi fekk Marshallhjelpa etter andre verdskrigen. Han trur det faktum at vi er svært opptekne av USA her i landet, starta med at norske utvandrarar skreiv brev og sende norskamerikanske aviser til slekt og vener i gamlelandet.

Henrik Olav Mathiesen er fagansvarleg for utstillinga «Rett vest. Drømmen om et bedre liv i Amerika». Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket

– Sjå berre når det er presidentval, vi engasjerer oss som om det skulle vere vårt eige stortingsval, smiler han.

Mathiesen er ikkje i tvil om at nordmenn har vore med på å prege det amerikanske samfunnet, spesielt i Wisconsin, Minnesota og dei to Dakota-statane. Migrantane frå Skandinavia har vore med på å setje eit djupt kulturelt avtrykk i dette området, meiner han.

Sambygdingar lokka

Den norsk-amerikanske historikaren Odd S. Lovoll, fødd i Sande i Møre og Romsdal i 1935, er ein av dei som har jobba mykje med den norske utvandringa til Amerika. Han har vore knytt til St. Olaf College i Minnesota og skrive fleire bøker om temaet. Den mest kjende er truleg «Bygda i den nye verda», som kom på norsk i 1977.

Norske innvandrarar i Minnesota feirar den amerikanske nasjonaldagen 4. juli 1923. Foto: Nasjonalbiblioteket

Her fortel han korleis nordmenn, dei fleste av dei bønder, ofte slo seg ned på stader der folk frå same bygda i Noreg hadde busett seg før dei. Dei tok med seg erfaringane frå den norske heimbygda til den nye i Amerika, og prøvde å vidareføre tradisjonane sine i det nye landet.

Det var ifølgje Lovoll folk frå Stavanger og Ryfylke som var pionerane i norske utvandring til Amerika. I 1830-åra nådde utvandringslysta fram til dei avsidesliggjande bygdene i Hardanger, og i 1836 sigla den første utvandrarskuta frå Bergen.

Amerikafeber

Deretter kom amerikafeberen til Voss, og så til Numedal og Øvre Telemark. Frå midten av 1840-åra følgde sogningane etter for fullt, om lag samstundes med mange frå Setesdal. Deretter stod Hallingdal for tur, skriv Lovoll i boka.

Rundt 1850 reiste mange frå Valdres, så kom resten av landet etter kvart. Utvandring i skikkeleg stor stil skjedde ikkje før etter den amerikanske borgarkrigen (1861-1865), Nord-Noreg hadde ikkje særleg utvandring før i 1870-åra.

Dei første åra hamna mange nordmenn i Illinois, sidan stod Wisconsin, Iowa og Minnesota for tur.

Ifølgje Lovoll var det mange frå Hardanger som slo seg ned i Lee County, medan spesielt mange vossingar slo seg ned i storbyen Chicago. Den sørlege delen av Wisconsin hadde store innslag av numedølar og valdrisar. Goodhue og Filmore i Minnesota vart heimstad for mange sogningar, og i Filmore kom også den første store kolonien av setesdølar.

Manntalet i USA frå 1910 viser at det var 1.089.854 personar som anten var fødde i Noreg eller var barn av norske innvandrarar i landet. 80 prosent av desse budde i det som vart kalla Øvre Midtvesten. (©NPK)

DS «Kristianiafjord» på veg ut frå Kristiania under den første verdskrigen. Foto: Narve Skarpmoen / NPK